tirsdag, september 06, 2005

"Fivrelddans" - me er snart plateklare!

I månadskiftet april/mai var me avgarde og spela inn plate! Me reiste til Largostudio på Rjukan og spela inn 15 låtar saman med produsentane Torbjørn og Jørgen Kittelsen.

Alle tekstane på plata er skrivne av Fyresdalspoeten Haakon Lie, son av den vidgjetne stordiktaren John Lie. 11 av songane er tonesette av Øyvind Berge, 3 av Merethe Jørgensdottir Reinskås og 1 av dei av Øyvind og Merethe i felleskap.

Resultatet har blitt ei plate med mykje variasjon sjangermessig. Den spenner frå neddempa pianoballader, via meir popaktige ting til beinhard country og meir folkemusikkaktig stoff. Litt breidbent likar me å kalle musikken vår for "folkpop"!:)

Plata har fått tittelen "Fivrelddans", og me håpar å ha den ute i løpet av førjolsvinteren.

Fylg med på bloggen for fleire oppdateringar!:)

Historikk

Sugar Plum Fairies er eit band frå Fyresdal, Telemark som vart starta våren 2000. Bandet består av 5 medlemmar. Desse er Øyvind Berge (song/gitarar/bass/koring), Merethe Jørgensdottir Reinskås (trompet/dragspel/piano/gitar), Birgith Jørgensdottir Reinskås (synth/euphonium), Torbjørn Strånd (bass/slagverk/perkusjon) og Tor Christian Tovslid (slagverk/perkusjon).

Bandet spela i byrjinga for det meste coverlåtar og spela på alt frå grautfestar til meir høgtidelege tilskipingar, som til dømes, kyrkjekonsertar og liknande.

Likevel, trongen til å skape noko eige kunne ikkje stoggast og i jola 2001 vart songen "Jolekveld", med tekst av Haakon Lie og melodi av Øyvind Berge & Merethe Jørgensdottir Reinskås framført under jolekonserten i Moland Kyrkje i Fyresdal til mange lovord. Dette sådde ein tanke om å setje melodi til fleire dikt av same diktaren, men før ein kom så langt tok bandet eit lite steg til sida og skreiv songen "Come Down" som vart framført under UKM sin fylkesfinale i Storsalen i Gullbring Kulturanlegg i Bø i Telemark. Songen sådde mykje heider og godord, sjølv om sjølve framføringa vart litt amputert grunna forkjøling og lite øving o.l.

Sumaren 2004 vart ideen om å setje melodi til Haakon Lie sine tekstar teken fram att. Øyvind Berge og Merethe Jørgensdottir Reinskås hadde bruka vinteren 2003/2004 på å lage melodiar til mange av dikta, og fleire nye skulle kome på bordet i løpet av sumaren. Det heile kulminerte i førestillinga "Fivrelddans & Filosofi - Haakon Lie i ord og tonar" som vart framført under Olsokdagane i Fyresdal dette året.

I august 2004 sette bandet publikumsrekord då dei spela for ein stad mellom 800 og 1500 tilhøyrarar på 4H sin Landsleir på Dyrskuplassen i Seljord.

I månadskiftet april/mai gjekk bandet i studio og spela inn 15 av dei tonesette Haakon Lie dikta. Albumet, som heiter "Fivrelddans", vil forhåpentleg verte utgjeve kring november 2005.