torsdag, februar 18, 2010

Bloggen er avslutta.

I desse Facebook-tider er det lite hensiktsmessig å oppretthalde denne bloggen. Dersom du vil vite meir om bandet, besøk Myspace-sida vår og/eller Facebook-profilen vår!

søndag, januar 14, 2007

2006 - eit bra år for Sugar Plum Fairies

Når me no skriv 2007 kan det passe å ta eit lite tilbakeblikk og sjå på året som gjekk. Det hev vore eit bra år for okkon i bandet. Det som var det ultimate høgdepunktet må seiast å vere tildelinga av Fyresdal Kommunes Kulturpris i form av 8000 kronur og ein framifrå flott diplom! Eit anna høgdepunkt hev utan tvil vore all radiospelinga som hev blivi okkon til del via, i hovudsak, NRK Telemark, NRK Østafjells og Radio Vest-Telemark. "Andre Dugurdskvildi" blei tidleg plukka upp og etter kvart hev au "Strålefall" og "Fridtjof Nansen" fengje ei god del radiomerksemd. Som om ikkje det var nok blei me spela på amerikansk nettradio med ei veldig rosande omtale (og morosam uttale av "Fridtjof Nansen") og ikkje minst på Radio Færøyane. Det er ikkje verst for eit lite band frå Fyresdal å få internasjonal radiospeling!
Me spela ikkje så mange konsertar i fjor, men dei me spela var gode! Høgdepunkta må seiast å vere Bispevisitasen i Fyresdal og Me Syng og Spelar Joli inn i Moland Kyrkje der me , mellom anna, spela den nye songen okkos "Når det snoar blir det jol" som blei godt motteken. Sist gong me spela nykomponerte songar i kyrkja blei resultatet plateutgjeving så me får håpe det er eit godt teikn. Det blei au tid til eit samarbeid med rapparen Paul Bernard som sampla songen okkos "Jolekveld" i nykomposisjonen "Depend" som ligg ute til fri nedlasting under merkelappen Paul Bernard feat. Sugar Plum Fairies.
Då skulle det meste om fjoråret vere sagt. Me håpar at nyåret blir like bra, og helst endå betre!
Nedanfor vil de finne bilete frå den siste upptredenen økkøs i fjor frå pleieheimen i Fyresdal, POS, og førebuinga til denne. Håpar de likar dei og så sjåast me på nyåret.
Skulle de vere interesserte i å booke oss eller kontakte oss er det berre å ta kontakt på zwenerster@gmail.com
Magne varmar upp med litt gitarspel. Posted by Picasa
Bratsjstemming. Posted by Picasa
Felestemming. Posted by Picasa
Gitarstemming. Posted by Picasa
Moro med stogekonsert. Posted by Picasa
Norsk folkemusikk kan svinge skikkeleg! Posted by Picasa
Jamming Posted by Picasa
Rock' n' Roll Christmas! Posted by Picasa
Jola bringer med seg uppdrag...men trening er naudsynt og her drog me til med ein ekslusiv konsert i stoga. Posted by Picasa
Bandet med ein siste finpuss (ca. 30 min til konsertstart). Posted by Picasa
"Hjarteleg velkomne til konsert!" Posted by Picasa
Merethe (Have Horn will travel). Posted by Picasa
"Greensleeves"/ "What Child is This?" Posted by Picasa
Birgith tek publikum i augesyn. Posted by Picasa
"Det Lyser i Stille Grender". Posted by Picasa
Trioen i kroken i full sving. Posted by Picasa
Stemming er naudsynt.  Posted by Picasa
Fele og bratsj er ein voldsom fin kombinasjon som gjev ein flott samklang. Posted by Picasa
Klar til dyst. Posted by Picasa
Vokalist med pause. Posted by Picasa
Magne Berge spelar "Fiskestigen 2". Posted by Picasa
Norsk folkemusikk i fullt driv. Posted by Picasa
Eit takksamt publikum. Det er jamt moro med POS-spelinga. Posted by Picasa
Birgith gjev bebuarar og tilsette jolestemning. Posted by Picasa
Birgith i aksjon. Posted by Picasa