tirsdag, januar 10, 2006

Stadar der plata kan kaupast

Førebels er plata vår berre tilgjengeleg via disk i Telemark...stadar der ho kan kaupast er fylgjande:

Fyresdal:

Moland Auto A/S
Sparebanken Sør
Fyresdal Bakeri & Konditori

Bø i Telemark:

Music Box Bøsenteret (spør i kassa)

Eg trur ho au er tilgjengeleg på Dalen, men dette tek eg med ei klype salt førebels.

Har du imidlertid lyst på denne plata og ikkje bur i Telemark (eller for den saks skyld bur i Telemark), så kan du som sagt skrive ein mail til meg så kan dette ordnast. Mailadressa mi står nedanfor.

zwenerster@gmail.com

Spun Sugar Records

Dei som har kaupt plata har sikkert undra seg over at det står "Spun Sugar Records" på baksida av ho...No har det seg slik at når ein gjev ut plater, så bør ein ha eit selskap å gje dei ut på, enten ein har kontrakt med dei store plateselskapa eller vel å gje dei ut på egenhånd. Me i Sugar Plum Fairies har gjeve vår første plate ut på eige selskap...Me måtte sjølvsagt ha eit navn med litt "schwung" i når me fyrst skulle utgje ei plate, difor landa med på "Spun Sugar Records", noko som var Olav Lund (som hjelpte oss med omslagsdesignen) sitt forslag opprinneleg...Me syns det var eit passande navn!;)

Salet går jamnt og trutt (virkar det som)...

Det virkar som om mange av dikkon likar produktet vårt og det set me utuleg stor pris på...Tusen takk endå ein gong til alle dikkon som kaupte plata...me håpar den held seg like bra!:) Me håpar au at alle dikkon som spør etter skiva får tak i ho...dersom det skulle vise seg problematisk, så kan dikkon berre ta kontakt med meg på mail, so skal me få ordna det!

zwenerster@gmail.com er mailadressa mi.