lørdag, desember 02, 2006

Intervju med Øyvind i Varden

Eit intervju med Øyvind blei i dag trykt i Telemark Tidend, avisa Varden sitt laurdagsbilag med kulturelt stoff frå Telemark og på nynorsk. Nedanfor vil du finne intervjuet slik det stod i bladet:

Puslar med musikk til lyrikk

Det er moro å lage noko folk ikkje forventar, synast Øyvind Berge. Som til dømes folk-pop på Vest-Telemarksdialekt blanda med bergensk hip hop.

ÅSE DVERGSDAL (TEKST OG FOTO)

For seks år sidan spurde ei jente frå bygda om det ikkje var på tide å starte eit band i Fyresdal. Øyvind hadde spela kornett i korps, fått undervisning i song og gitar i kulturskulen og tenkte at å bli bandmedlem kunne vore moro. Bandet fekk det Beatles-inspirerte namnet "Sugar Plum Fairies" og var vel omtrent det einaste i bygda den gong, trur Øyvind. Etter å ha spela coverlåtar ei stund oppdaga dei nokre dikt av Haakon Lie frå Fyresdal, son til John Lie. Øyvind syntest tekstene var snodige og bandet bestemte seg for å tonesetje eit av dei. Ettersom det fungerte bra prøvde dei seg fram med fleire av dikt. Resultatet blei folk-pop-cd-en "Fivrelddans", som dei gav ut på eige selskap i 2005. Alle songane er tonesette dikt av Haakon Lie, frå samlingane "Solspelet" (1931) og "Fløyta og Fela" (1943).

Spreidd til Færøyane

I Telemarksendinga har låta "Andre Dugurdskvildi" blitt ein radiohit. Elles har fleire songar frå "Fivrelddans" blitt lasta ned og spreidd gjennom "NRK Urørt" og myspace. - Vi er blitt spela på den einaste radiostasjonen på Færøyane. Ein kan då skryte på seg det om ikkje anna, humrar 23-åringen. For cd-en fekk dei dessutan kulturprisen i Fyresdal i år. - Det er som regel ikkje unge folk som får prisen, så det var moro at dei fann kånn verdige, seier den audmjuke vokalisten, gitaristen og frontfiguren i bandet.

Prosjekter

For tida er det studier ved Høgskolen i Bø som er hovudfokus for fyresdølen, som bur på hybel på Folkestad. Sjølv kallar han seg ein litt bedageleg fyr, men eitt og anna musikkprosjekt blir det likevel tid til mellom forelesingane. Med Sugar Plum Fairies har han alt laga så mykje nytt materiale at det held til ein ny cd, og denne gong har han skrive både tekst og melodiar og tekster sjølv. Med den amerikanske kona si Sarah Corbisier har han i tillegg eit band som er heilt i startfasen. Softnoise heiter den engelskspråklege popduoen. Sarah kjem frå Wisconsin, er klassisk utdanna, og spelar mellom anna bratsj og fløyte. Musikk frå 60-talet og framover er utgangspunktet, men musikken har også med element frå klassisk musikk og folkemusikk. Og så kjem prosjektet med den bergenske hip hop-produsenten Paul Bernard. Samarbeidet går ut på at bergensaren rappar på bergensk medan Øyvind har ein meir melodisk vokal, på Vest-Telemarkmål.

Hip Hop?

- Ja, eg tenkte det kunne vore kult å gjere noko rart og eg syntest det han gjorde var litt bra. Ein må ikkje stivne i same sporet. Men eg likar ikkje sånn gangster-rap, forsikrar Øyvind.
- Ja...og så har eg starta eit prosjekt til, kjem han plutseleg på. "Lyrikkavdelingen" heiter det, og er eit nettsamarbeid mellom åtte personar frå heile landet. Saman set dei musikk til norsk lyrikk. Til no har dei mellom anna eksperimentert med "Storbynatt" av Rudolf Nilsen og "Drivdalen" av Aasmund O. Vinje. I eit og same dikt kan musikken spenne frå vise til folkrock fortel initiativtakaren, som trur prosjektet kan bli ganske spesielt.

Helst dialekt

Utviklinga i musikksmaken til Øyvind kan litt forenkla skildras med følgjande bandnamn: AC/DC-Beatles-Pink Floyd-Blåmann Blåmann-Odd Nordstoga-Majorstuen. Sjølv med ein spelemann (Olav Berge) som bestefar tok det med andre ord litt tid før Øyvind oppdaga at han sjølv kunne ha glede av folkemusikk.
Det engelske bandnamnet "Sugar Plum Fairies" står i kontrast til tekstane, som er på rein fyresdalsdialekt. Under innspelinga blei det eit poeng å få dialekta litt inngrodd og så autentisk som mogleg. Nynorskord blei berre brukt eit par gonger på grunn av rimet.
- Kunne du laga ei tekst på bokmål?
- Nei. Eg er ikkje medlem av mållaget, men det blir veldig unaturleg å knote på bokmål. Då syng eg heller på engelsk.

Lokale spelejobbar

Musikken tek tid, men det eigentlege hovudprosjektet til 23-åringen er altså for tida studier i historie. Frå før har han studert både norsk og engelsk, og valet av utdanning speglar interessa hans for nettopp språk og historie.
- Kva plan har du med utdanninga?
- Eg må vel snart tenke på å ikkje studere så mykje meir!
Jobb innan musikk blir det neppe, for til no har musikken berre vore ein hobby. Spelejobbane har helst vore i heimbygda, og planane for neste år er veldig lause. Sikkert er det at bandet skal ha konsert i Moland kyrkje 17. desember der "Me syng og spelar joli inn". Torsdag 28. desember er det konsert på pleie og omsorgssenteret i Fyresdal.
-Kva drøymer musikaren i deg om, då?
- Det hadde vore moro å spele på Rockefeller ein gong.