mandag, februar 20, 2006

Suksess på konserten fredag

Fredagens konsert på Fyresdal Kommune sitt jolebord blei ein suksess og me hadde det veldig moro, noko me fekk følelsen av at publikum au hadde det. Me spela i nærare 4 timar so det var ein skikkeleg marathon-konsert! Me stilde som kvartett denne gongen, med Øyvind på song og gitar, Merethe på gitar og Birgith på keyboard som vanleg. I tillegg var me forsterka med Sarah Corbisier på bratsj og song (dei av dikkon som hev kaupt plata vil vite at ho medverkar på "Stogetaket").

Bilete frå arrangementet vil forhåpentleg vere uppi på bloggen om ikkje so lenge, so fylg med!