søndag, oktober 29, 2006

Flott melding av "Strålefall" i Telemark Tidend!

Laurdag 28. oktober melde Eivind Blikstad songen vår "Strålefall" i avisa Varden sitt laurdagsbilag, Telemark Tidend. Nedanfor kan du lese den flotte meldinga som kom i spalta "På Nasetippen".

" Strålefall

Eg visste ikkje
kva det var eg høyrde. Eg visste ikkje kven som spelte. "Under åndi skal du vekse, under åndi skal du døy", song ein stemme som eg assosierte meir med Tennessee enn med Tveitesund. Noko ved låta, både tekst og melodi, gjekk rett inn i hovud og hjarte. Eg kjøyrde bilen inn til sida. Nokre gongar i livet skjønar ein at vegen må vente.
"Inn frå djupe rymder sig det løyndomsfulle strålefall". Melodien greip solid tak, og teksten hadde den kvaliteten som gjer at orda song sin eigen song inne i der ein stad.
Kva tyder "Under åndi skal du vekse"?

Det spelte inga rolle kva orda tydde. Dei snakka, lell. Og melodien la seg som ein kveil under hårrota.
"Dette var Sugar Plum Fairies", sa programleiaren på NRK.

Sugar Plum Fairies?
Heime bar det rett inn på nettet. Plata heitte "Fivrelddans" og gruppa kjem frå Fyresdal. "Strålefall" var namnet på låta som eg ikkje har fått ut av hovudet, sjølv om eg ikkje har freista.

"Fivrelddans" inneheld tekstane til Haakon Lie, sonen til bygdediktaren John Lie. Øyvind Berge var vokalisten og komponisten som gjer "Strålefall" så spesiell.
Og eg, mitt naut, eg hadde ikkje fått med meg at denne plata eksisterte. Men eg skal roleg love at det gjer eg no.

Vi kjem tilbake til utgjevinga. Fivrelddansen stansa ikkje i 2005. Inntil vidare: Du får plata på Spun Sugar Records. Eg trur dette må vere ei utgjeving som vil gje mange gledje."


Så der har de den, altså. Ei feiande flott melding syns no me! Og me gler oss til heile plata skal meldast i november ein gong!

For ordens skuld, har du ikkje høyrd denne songen kan du gå inn på følgande link og lytte: http://www11.nrk.no/urort/user/?id=39743

onsdag, oktober 11, 2006

"Andre Dugurdskvildi" har blitt ein liten hit!

Det er moro å konstatere at me får litt radiospeling i ny og ne på NRK Telemark, og "Andre Dugurdskvildi" verkar å ha blitt ein liten hit etter at den har fenge ein del speletid i det siste. Dette er sjavsagt artig for oss! Me seier ikkje nei takk til det i det heile tatt! Ein artig ting å skrive på CV'en om ikkje anna!:-)

Elles ligg bandet litt i dvale for tida medan me alle driv med studiar og andre musikalske prosjekt hist og pist. Men, tradisjonen tru, før du veit ordet av det så dukkar me upp att med nye konsertar...sø siste ord er definitivt ikkje sagt enno om du skulle tru det!