torsdag, februar 23, 2006

Bilde frå Konserten på Vertshuset i Fyresdal #1

Her legg me ut nokon foto frå øving & lydsjekk før Jolebordet til Fyresdal Kommune som me spela på den 17. februar. Bilda er tekne med mobilkamera so kvaliteten kan variere. Bilda frå sjølve konserten kjem om ikkje so lenge. Alle foto er tekne av Sarah Corbisier.

Merethe og Øyvind testar gitarar Posted by Picasa
Øving gjer meister.... Posted by Picasa
Birgith, Øyvind og Merethe i sving med siste finpuss Posted by Picasa
Birgith legg siste hånd på verket før konserten Posted by Picasa
Øyvind testar lyden (og stemmebanda!) Posted by Picasa
Mr. Guitar Man Posted by Picasa
Merethe og Øyvind set upp utstyret på Vertshuset i Fyresdal Posted by Picasa
Soundcheck er like moro som å rydde i ein gamal, rotute kjellar...;) Posted by Picasa

tirsdag, februar 21, 2006

Påskekonsert på Vråliosen Grendehus

Det er no klart at Sugar Plum Fairies vil spele på Grendehuset i Vråliosen den 10. April. Med andre ord, ein skikkeleg påskekonsert! Me gledar okkon!

Merethe med kommentar i Vest-Telemark Blad

Merethe Jørgensdottir Reinskås har i dag ein kommentar i Vest-Telemark Blad angåande UKM (Ungdommens Kulturmønstring) i Fyresdal og Vest-Telemark.

Les kommentaren her: http://www.vtb.no/vis.php?id=2714

mandag, februar 20, 2006

Suksess på konserten fredag

Fredagens konsert på Fyresdal Kommune sitt jolebord blei ein suksess og me hadde det veldig moro, noko me fekk følelsen av at publikum au hadde det. Me spela i nærare 4 timar so det var ein skikkeleg marathon-konsert! Me stilde som kvartett denne gongen, med Øyvind på song og gitar, Merethe på gitar og Birgith på keyboard som vanleg. I tillegg var me forsterka med Sarah Corbisier på bratsj og song (dei av dikkon som hev kaupt plata vil vite at ho medverkar på "Stogetaket").

Bilete frå arrangementet vil forhåpentleg vere uppi på bloggen om ikkje so lenge, so fylg med!

lørdag, februar 11, 2006

Ekstra eksponering

Sugar Plum Fairies er i dag, laurdag 11. februar, ein av fleire utvalde utgjevingar som blir ekstra eksponerte i den nasjonale diskografioversikta www.diskografi.no. Dette er moro og me er takksame for at dei eksponerer oss slik.

Elles so ser me fram til konserten fredag. Me haapar det blir mykje folk og god stemning!:)

fredag, februar 10, 2006

"Fivrelddans" - smakebitar

Hvis du vil lytte til smakebitar av albumet, so er det no fullt mogleg her: www.myspace.com/fivrelddans

"Fridtjof Nansen", "Jolekveld", "Andre Dugurdskvildi" og "Aslak Smed" ligg ute som mp3.

Check it out!:)

tirsdag, februar 07, 2006

Sugar Plum Fairies innlemma i Diskografi.no

Me har i denne veka blitt innlemma i Diskografi.no. Dette er eit søkbart oppslagsverk over plateutgjevingar av norske band og artistar.

Besøk sida her: http://www.diskografi.no/band.asp?id=1698

Her kan dikkon au gje "Fivrelddans" ein karakter frå 1 til 10 om de vil.

onsdag, februar 01, 2006

English blog up and running...

I have gotten an English blog for the band up and running...I will be updating it and making it a good read next week! So please check it out then, English speakers!;)

http://sugarplumphairies.blogspot.com/