lørdag, desember 02, 2006

Intervju med Øyvind i Varden

Eit intervju med Øyvind blei i dag trykt i Telemark Tidend, avisa Varden sitt laurdagsbilag med kulturelt stoff frå Telemark og på nynorsk. Nedanfor vil du finne intervjuet slik det stod i bladet:

Puslar med musikk til lyrikk

Det er moro å lage noko folk ikkje forventar, synast Øyvind Berge. Som til dømes folk-pop på Vest-Telemarksdialekt blanda med bergensk hip hop.

ÅSE DVERGSDAL (TEKST OG FOTO)

For seks år sidan spurde ei jente frå bygda om det ikkje var på tide å starte eit band i Fyresdal. Øyvind hadde spela kornett i korps, fått undervisning i song og gitar i kulturskulen og tenkte at å bli bandmedlem kunne vore moro. Bandet fekk det Beatles-inspirerte namnet "Sugar Plum Fairies" og var vel omtrent det einaste i bygda den gong, trur Øyvind. Etter å ha spela coverlåtar ei stund oppdaga dei nokre dikt av Haakon Lie frå Fyresdal, son til John Lie. Øyvind syntest tekstene var snodige og bandet bestemte seg for å tonesetje eit av dei. Ettersom det fungerte bra prøvde dei seg fram med fleire av dikt. Resultatet blei folk-pop-cd-en "Fivrelddans", som dei gav ut på eige selskap i 2005. Alle songane er tonesette dikt av Haakon Lie, frå samlingane "Solspelet" (1931) og "Fløyta og Fela" (1943).

Spreidd til Færøyane

I Telemarksendinga har låta "Andre Dugurdskvildi" blitt ein radiohit. Elles har fleire songar frå "Fivrelddans" blitt lasta ned og spreidd gjennom "NRK Urørt" og myspace. - Vi er blitt spela på den einaste radiostasjonen på Færøyane. Ein kan då skryte på seg det om ikkje anna, humrar 23-åringen. For cd-en fekk dei dessutan kulturprisen i Fyresdal i år. - Det er som regel ikkje unge folk som får prisen, så det var moro at dei fann kånn verdige, seier den audmjuke vokalisten, gitaristen og frontfiguren i bandet.

Prosjekter

For tida er det studier ved Høgskolen i Bø som er hovudfokus for fyresdølen, som bur på hybel på Folkestad. Sjølv kallar han seg ein litt bedageleg fyr, men eitt og anna musikkprosjekt blir det likevel tid til mellom forelesingane. Med Sugar Plum Fairies har han alt laga så mykje nytt materiale at det held til ein ny cd, og denne gong har han skrive både tekst og melodiar og tekster sjølv. Med den amerikanske kona si Sarah Corbisier har han i tillegg eit band som er heilt i startfasen. Softnoise heiter den engelskspråklege popduoen. Sarah kjem frå Wisconsin, er klassisk utdanna, og spelar mellom anna bratsj og fløyte. Musikk frå 60-talet og framover er utgangspunktet, men musikken har også med element frå klassisk musikk og folkemusikk. Og så kjem prosjektet med den bergenske hip hop-produsenten Paul Bernard. Samarbeidet går ut på at bergensaren rappar på bergensk medan Øyvind har ein meir melodisk vokal, på Vest-Telemarkmål.

Hip Hop?

- Ja, eg tenkte det kunne vore kult å gjere noko rart og eg syntest det han gjorde var litt bra. Ein må ikkje stivne i same sporet. Men eg likar ikkje sånn gangster-rap, forsikrar Øyvind.
- Ja...og så har eg starta eit prosjekt til, kjem han plutseleg på. "Lyrikkavdelingen" heiter det, og er eit nettsamarbeid mellom åtte personar frå heile landet. Saman set dei musikk til norsk lyrikk. Til no har dei mellom anna eksperimentert med "Storbynatt" av Rudolf Nilsen og "Drivdalen" av Aasmund O. Vinje. I eit og same dikt kan musikken spenne frå vise til folkrock fortel initiativtakaren, som trur prosjektet kan bli ganske spesielt.

Helst dialekt

Utviklinga i musikksmaken til Øyvind kan litt forenkla skildras med følgjande bandnamn: AC/DC-Beatles-Pink Floyd-Blåmann Blåmann-Odd Nordstoga-Majorstuen. Sjølv med ein spelemann (Olav Berge) som bestefar tok det med andre ord litt tid før Øyvind oppdaga at han sjølv kunne ha glede av folkemusikk.
Det engelske bandnamnet "Sugar Plum Fairies" står i kontrast til tekstane, som er på rein fyresdalsdialekt. Under innspelinga blei det eit poeng å få dialekta litt inngrodd og så autentisk som mogleg. Nynorskord blei berre brukt eit par gonger på grunn av rimet.
- Kunne du laga ei tekst på bokmål?
- Nei. Eg er ikkje medlem av mållaget, men det blir veldig unaturleg å knote på bokmål. Då syng eg heller på engelsk.

Lokale spelejobbar

Musikken tek tid, men det eigentlege hovudprosjektet til 23-åringen er altså for tida studier i historie. Frå før har han studert både norsk og engelsk, og valet av utdanning speglar interessa hans for nettopp språk og historie.
- Kva plan har du med utdanninga?
- Eg må vel snart tenke på å ikkje studere så mykje meir!
Jobb innan musikk blir det neppe, for til no har musikken berre vore ein hobby. Spelejobbane har helst vore i heimbygda, og planane for neste år er veldig lause. Sikkert er det at bandet skal ha konsert i Moland kyrkje 17. desember der "Me syng og spelar joli inn". Torsdag 28. desember er det konsert på pleie og omsorgssenteret i Fyresdal.
-Kva drøymer musikaren i deg om, då?
- Det hadde vore moro å spele på Rockefeller ein gong.

søndag, oktober 29, 2006

Flott melding av "Strålefall" i Telemark Tidend!

Laurdag 28. oktober melde Eivind Blikstad songen vår "Strålefall" i avisa Varden sitt laurdagsbilag, Telemark Tidend. Nedanfor kan du lese den flotte meldinga som kom i spalta "På Nasetippen".

" Strålefall

Eg visste ikkje
kva det var eg høyrde. Eg visste ikkje kven som spelte. "Under åndi skal du vekse, under åndi skal du døy", song ein stemme som eg assosierte meir med Tennessee enn med Tveitesund. Noko ved låta, både tekst og melodi, gjekk rett inn i hovud og hjarte. Eg kjøyrde bilen inn til sida. Nokre gongar i livet skjønar ein at vegen må vente.
"Inn frå djupe rymder sig det løyndomsfulle strålefall". Melodien greip solid tak, og teksten hadde den kvaliteten som gjer at orda song sin eigen song inne i der ein stad.
Kva tyder "Under åndi skal du vekse"?

Det spelte inga rolle kva orda tydde. Dei snakka, lell. Og melodien la seg som ein kveil under hårrota.
"Dette var Sugar Plum Fairies", sa programleiaren på NRK.

Sugar Plum Fairies?
Heime bar det rett inn på nettet. Plata heitte "Fivrelddans" og gruppa kjem frå Fyresdal. "Strålefall" var namnet på låta som eg ikkje har fått ut av hovudet, sjølv om eg ikkje har freista.

"Fivrelddans" inneheld tekstane til Haakon Lie, sonen til bygdediktaren John Lie. Øyvind Berge var vokalisten og komponisten som gjer "Strålefall" så spesiell.
Og eg, mitt naut, eg hadde ikkje fått med meg at denne plata eksisterte. Men eg skal roleg love at det gjer eg no.

Vi kjem tilbake til utgjevinga. Fivrelddansen stansa ikkje i 2005. Inntil vidare: Du får plata på Spun Sugar Records. Eg trur dette må vere ei utgjeving som vil gje mange gledje."


Så der har de den, altså. Ei feiande flott melding syns no me! Og me gler oss til heile plata skal meldast i november ein gong!

For ordens skuld, har du ikkje høyrd denne songen kan du gå inn på følgande link og lytte: http://www11.nrk.no/urort/user/?id=39743

onsdag, oktober 11, 2006

"Andre Dugurdskvildi" har blitt ein liten hit!

Det er moro å konstatere at me får litt radiospeling i ny og ne på NRK Telemark, og "Andre Dugurdskvildi" verkar å ha blitt ein liten hit etter at den har fenge ein del speletid i det siste. Dette er sjavsagt artig for oss! Me seier ikkje nei takk til det i det heile tatt! Ein artig ting å skrive på CV'en om ikkje anna!:-)

Elles ligg bandet litt i dvale for tida medan me alle driv med studiar og andre musikalske prosjekt hist og pist. Men, tradisjonen tru, før du veit ordet av det så dukkar me upp att med nye konsertar...sø siste ord er definitivt ikkje sagt enno om du skulle tru det!

torsdag, september 07, 2006

Paul Bernard feat. Sugar Plum Fairies - "Depend"

Vår gode venn og kollega, den bergenske rapparen, produsenten og multi-instrumentalisten Paul Bernard, har nett gjort ferdig ei innspiling der han samplar gitarar og song frå songen vår "Jolekveld". Songen har fengje namnet "Depend" og ligg ute til fri nedlasting på denne sida: http://www11.nrk.no/urort/user/?id=11783

Så gå inn og sjekk den ut, folkens!Me syns det blei veldig kult, og me har allereie fått gode tilbakemeldingar på denne!

fredag, august 25, 2006

"Jolekveld" - track of the Day på Garageband.com

Nok ein gong får me ein av songane våre som Track of the day på Garageband.com! Kjempebra! Denne gongen er det "Jolekveld", spor 4 frå "Fivrelddans", som er denne utmerkinga til del den 1. september.

Så sjekk fylgjande link den 1. september: http://www.garageband.com/genre/folk

søndag, august 20, 2006

Kulturkveld i høve Bispevisitas i Fyresdal

Den 31. august vil det bli halde ein Kulturkveld på Vertshuset i Fyresdal i høve Biskopen i Agder sitt besøk i bygda. Sugar Plum Fairies vil vere blant aktørane og servere smakebitar frå albumet sitt "Fivrelddans".

Me håpar mange tek turen denne kvelden for å få med seg mykje godt, kulturelt stoff! Arrangementet byrjar klokka 19.00.

lørdag, august 12, 2006

Knallanmeldelse for "Fivrelddans"!

Den anerkjende norske musikknettstaden GROOVE.NO har nett anmeldt plata vår, "Fivrelddans", på ein særs positiv måte. Ut av 7 oppnåelege poeng får albumet vårt heile 6 poeng av anmeldar Bjørn Hovde, som også omtalar plata som sin "sommerfavoritt". Det er kjempemoro å vere gjenstand for slik godord og ros!

Vil du lese heile anmeldelsen, så kan du gjere det her: http://www.groove.no/html/review/42951376.html

onsdag, august 02, 2006

Strålefall: Folk Track of the Day

Heisann!

Også "Strålefall" vil få massiv eksponering via nettstaden Garageband.com. Onsdag 9. august vil songen vere "Folk track of the Day" i 24 timar. Nettstaden er bruka av millionar av menneske heile verda rundt, so dette er jo kjempemoro! Songane våre vil bli høyrd av enorme mengder menneske! Så gå ikkje glipp av dette. Her er linken dikkon må sjekke ut den 9. august: http://www.garageband.com/genre/folk

lørdag, juli 29, 2006

"Stogetaket" får massiv eksponering på Garageband.com

I morgon, Sundag 30. juli, vil "Stogetaket" (spor 11 på albumet vårt) vere "Track of the Day" på den verdsomspennande nettstaden Garageband. Dette er kjempemoro. Utruleg kult at rotnorsk folkpop kan fenge eit såpass kresent publikum!
Så sjekk det ut folkens: http://www.garageband.com og http://www.garageband.com/sugarplums

onsdag, juli 26, 2006

Ei lita sommaroppdatering frå bandet...

Heisann!

Me håpar fansen hev ein skikkeleg god sommar og nyt ferien! På bandfronten skjer det ikkje so mykje akkurat no. Me hadde ein privat konsert i Fyresdal for eit par veker sidan, men utanom det er me alle opptekne med jobbing og med å kome opp med nye musikalske idear. Når det gjeld Sugar Plum Fairies' driv med stadig og leikar med ideen om å gjere ei konseptplate om utvandring til Amerika. Me har fleire songar klare, men me må gjere litt meir research føri detti skal bli noko av. Men, det er gode sjansar for at det blir det skal dikkon sjå!

Elles er Merethe og eg involvert i eit prosjekt som heiter Lyrikkavdelingen. Her er planen, saman med 6 andre veldig talentfulle musikarar frå andre stader i Noreg, å sjåom me kan spele inn eit album med tonesetjingar av norske dikt. Det er eit veldig spennande prosjekt som me kjem attende med meir om ved eit seinare høve.

Øyvind planlegg også å spele inn ein live EP saman med den amerikanske bluegrass og folk-artisten Breadfoot (også kjent som Stephen Meyers) frå Brooklyn i New York, under namnet Breadfoot & Berge. Denne nye duoen er i kontakt med fleire spelestadar om eit mogleg opplegg for dette. Repertoaret vil etter planen bestande av ein miks av amerikansk, irsk, britisk og norsk folkemusikk.

Det var det, for denne gong! Vil de høyre meir av oss snart, so føreslår eg at dikkon tek dikkon ein tur til Fyresdal den 31. august. Det er planlagt ein kulturkveld i bygda i høve at biskopen i Agder er på visitas, og me har blitt spurt om å delta. Detaljane kring programmet er ikkje heilt klare enno, men fylg med på bloggen so kjem der meir.

Til me snakkast att, ha ein fortsatt fortreffeleg sommar!!

Beste helsing,

SUGAR PLUM FAIRIES

lørdag, juni 17, 2006

Bispevisitas i Fyresdal

Det vil i høve bispevisitaset i Fyresdal i august bli stelt i stand ein kveld med kulturelle innslag. Sugar Plum Fairies vil delta på dette arrangementet. Me kjem attende med meir om denne saken.

søndag, juni 11, 2006

lørdag, mai 20, 2006

Sugar Plum Fairies mottok Kulturprisen 2006!

På sjølvaste 17. mai blei Fyresdal Kommunes Kulturpris for 2006 delt ut på Samfunnshuset i Fyresdal, og det var ingen andre enn Sugar Plum Fairies som fekk den! Prisen består av ein sjekk på 8000 NOK og eit flott diplom, teikna av den lokale kunstnaren Anne Bjørnstad.

Bandet får prisen for fleire års kulturell innsats både i og utanfor Fyresdal, og ikkje minst for albumet "Fivrelddans", med tonesette dikt av Haakon Lie, som kom ut rett før jol.

Me er kjempelukkelege og ser på det som ei stor ære å få Kulturprisen og vil nytte høvet til å takke alle dei som hev føreslege oss til Kulturprisen, alle som hev sponsa oss og hjelpt oss, og ikkje minst alle dikkon som hev kome på konsertane våre og kaupt albumet. Hjarteleg tusen takk skal dikkon alle ha!:-)

I høve Kulturprisen hev det også vanka ein god del mediamerksemd. Både Varden og VTB hev køyrd oppslag på det, og TA køyrde ei lita notis. Øyvind Berge blei dessutan intervjua av NRK Telemark og dei hev spela "Fridtjof Nansen", "Andre Dugurdskvildi" og "Strålefall" frå albumet.

Vil dikkon lese om prisen, so kan det gjerast her: http://www.vtb.no/vis.php?id=2819

I anledning prisen har me au blitt spela på den amerikanske internettradiostasjonen YourSpaceRadio. Vil dikkon lytte til showet me var med på så kan dikkon gjere det her: http://www.yourspaceradio.com

tirsdag, mai 16, 2006

Sideprosjekt

Eit spennande sideprosjekt kan vere i emning. Øyvind Berge frå Sugar Plum Fairies har i det siste snakka med multi-instrumentalist og låtmakar Arnt Martin Brynildsen og hip-hoppar/rappar/produsent Paul Bernard om eit mogleg nytt plateprosjekt eller forestilling med utgangspunkt i norsk lyrikk. Det heile er førebels på planleggingsstadiet, men karane er positive og innstilt på å få dette til å klaffe. Me kjem attende med fleire nyjende kring dette når ting er meir klarlagde.

Hvis dikkon er interesserte i å finne ut meir om Arnt Martin Brynildsen og Paul Bernard, so anbefaler me desse sidene:

http://www.myspace.com/arntmartinbrynildsen

http://arntmartin.blogspot.com

http://www.myspace.com/paulbernard

søndag, mai 14, 2006

Øyvind Berge og Sarah Corbisier i amerikansk avis

Dei som kjenner bandet veit at Øyvind Berge og Sarah Corbisier skal gifte seg til sommaren. Her om dagen stod det ei lita forlovelsesannonse i avisa The La Crosse Tribune i La Crosse, Wisconsin, USA, der Sarah kjem frå.

Her kan dykk hardcore-fansen lese annonsa: http://www.lacrossetribune.com/articles/2006/05/13/engagements/ecorbisier07.txt

torsdag, mai 04, 2006

Soft Noise

Medan Sugar Plum Fairies gjer spelejobbar litt sporadisk i sommar og fortset med promoteringa av "Fivrelddans", har Øyvind Berge starta eit nytt prosjekt under navnet Soft Noise saman med kjeringi, Sarah Corbisier.

Prosjektet er meir pop/psykedelia-basert, med engelske tekstar. Ambisjonen til duoen er at eit album vil kome i stand ein eller annan gong. Heimedemoar har alt blitt laga, og desse kan du lytte til her: http://www.myspace.com/softernoise

Lydkvaliteten er ikkje den beste sidan dette er heimedemoar, men songane er gode og dei burde absolutt falle i smak hvis du likar musikk av denne typa.

onsdag, april 26, 2006

Samtalar med plateselskap og radiospeling på Færøyane

Sugar Plum Fairies er kome i kontakt med det vesle, uavhengige plateselskapet TUTL frå Færøyane. Dei har for tida "Fivrelddans" hjå seg og vurderer om dei vil prøve å få den ut på Færøyane. I denne forbindelse er det også snakk om å prøve å spele nokre av spora på færøysk radio og sjå korleis dei blir mottekne.

Me kjem attende med meir når me veit mer om utviklinga her.

tirsdag, april 25, 2006

Sugar Plum Fairies spela over 1000 gonger på MySpace

Musikken frå "Fivrelddans" har ei tid ligge ute på nettstaden Myspace.com. Dette er ein mangslungen nettstad der folk møtest over nettet enten for å promotere seg sjølv eller for å treffe andre folk. I musikkbransjen blir det for tida sagt at MySpace er ein av dei viktigaste nye plassane for band og artistar å promotere seg. Det er difor veldig moro å konstatere at Sugar Plum Fairies i går passerte 1000 spelingar på denne nettstaden.

Hvis du ikkje har sjekka ut Myspace sida okkos enno kan du gjere det her: http://www.myspace.com/fivrelddans

lørdag, april 22, 2006

Nokon nye linkar av interesse

Her kjem ei lita liste av relativt nye, Sugar Plum Fairies-relatera linkar som dykk kanskje vil ha glede av!

http://www.myspace.com/softernoise
-Sarah Corbisier og Øyvind Berge hev starta ein popduo under navnet Soft Noise som skriv engelske songar. Sjekk ut MySpace-sida deira her.

http://www.myspace.com/oyvindberge
- Øyvind Berge si MySpace-side der dykk kan finne ytterlegare to songar som var inkludert på "Fivrelddans"

http://jorgensdottir.blogspot.com
- Birgith Jørgensdottir Reinskås hev starta sin eigen blogg, so hvis dykk vil finne ut meir om ho so er kanskje dette staden du burde leite.

http://foto-birgith.blogspot.com/

-Birgith Jørgensdottir Reinskås' fotoblogg. Sjekk den ut.

tirsdag, april 18, 2006

Sugar Plum Fairies spelar på Sanitetsforeningas årsmøte

Me vil spele for Sanitetsforeninga og deira årsmøte på Airparc Fyresdal Hotell den 20. mai klokka 19.30. Me gledar oss og det er flott å bli spurt!

Skulle Sanitetsforeninga hell nokon av dikkon andre ha lyst på ei dobbel dose med "Sukkerklumpane" kan dikkon stikke bort til Vertshuset etterpå. Me spelar der frå klokka 9.

Reprise på POS-konserten

Øyvind Berge, Magne Berge og Sarah Corbisier vil spele på POS (Pleie og Omsorgssenteret) i Fyresdal att den 22. juni ca. klokka 14. Konserten langfredag blei ein stormande suksess og pga. store ynskje om reprise vil trioen ta turen bortom denne dagen.

Me vonar mange tek turen bortom!

Status etter påska

Heisann og vel overstått påskefeiring!

Sugar Plum Fairies bruka i år påska til å spele til dans på den årlege festen som Vråliosen Grendelag steller til. Det var god stemning og eit bra publikum der oppe, so det blei ein suksess på alle måtar.

Nedanfor kan dykk finne nokon bilete frå soundcheck og forbereidngane til konserten.

Langfredag hadde Øyvind Berge konsert på POS i Fyresdal. Med seg hadde han Magne Berge på hardingfele og Sarah Corbisier på bratsj og vokal. Dette blei ei fin oppleving med tradisjonsmusikk frå både Noreg og Amerika, samt nokre av Sugar Plum Fairies' eigne songar i nedstrippa og omarrangerte versjonar.
Alt klart for konsert. Posted by Picasa
Sarah Corbisier hev vore med og spela bratsj og kora for oss i det siste.  Posted by Picasa
Merethe henger upp promoutstyret.  Posted by Picasa
Ein blir svolten etterkvart...bandet tek seg ei pause...takk til mamma Reinskås for kjempegod mat! Posted by Picasa
Birgith klar for innsats. Posted by Picasa
Øyvind finpussar songane til konserten. Posted by Picasa
Alt rigga og klart til soundcheck! Posted by Picasa
Det er mykji utstyr ein skal halde styr p�
 Posted by Picasa

tirsdag, april 04, 2006

Sugar Plum Fairies har blitt ein trio

Tor Christian Tovslid og Torbjørn Strånd hev bestemt seg for å slutte i Sugar Plum Fairies. Det ligg ikkje nokon dramatikk bak deira avskjed frå bandet i det heile teke. Me vil fortsette som trio inntil vidare.

Me ynskjer å takke gutane for nerare seks år med mykje moro, mykje musisering og mykje kreativitet og ynskjer dei lykke til med hott dei no måtte finne det for godt å bruke tida si på.

torsdag, mars 16, 2006

Konsert på POS i Fyresdal i påska

Det vil også i år bli ein liten konsert på POS i Fyresdal ved Magne og Øyvind Berge, noko som etterkvart har blitt ein tradisjon. So, hvis du vil høyre litt hardingfele og tradisjonsmusikk i påska so er det berre å møte opp fredag 14. april klokka 14:30.

onsdag, mars 08, 2006

Fyresdal Kommunes Jolebord - konsertfoto

Nedanfor hev me posta, som lova, jolebordsbileta som me tok. Vonar dikkon likar dei. Alle fotoa er tekne av Sarah Corbisier.
Øyvind i gang med vokale krumspring. Posted by Picasa
Birgith legg synth-teppe! Posted by Picasa
Birgith, Øyvind og Merethe. Legg merke til dei "jolsklege" dekorasjonane. Ska det ver' so ska det ver'! Posted by Picasa
Merethe i eit inspirera augneblink. Posted by Picasa
Øyvind og Merethe spilar upp. Jolebordet til kommunen blei ein suksess...i alle fall for okkon. Posted by Picasa

mandag, mars 06, 2006

Studiobilete

Nedanfor vil dikkon finne ein del bilete som me tok mens me var i Largostudio og tok opp "Fivrelddans". Me vonar dikkon likar dei. Det er Birgith som hev tekje alle bileta.
Vokalupptak for "Fridtjof Nansen" Posted by Picasa
Unge Herr Berge lyttar til seg sjav.... Posted by Picasa
Bassupptak til "Stogetaket" Posted by Picasa
Tankefull og i djup refleksjon...hehe, nei detti va eit bilde som me tenkte kunne ha vori i coveret, men som ikkji kom dit. Posted by Picasa
Upptak... Posted by Picasa
Merethe i ferd med dragspel-overdubs! Posted by Picasa
Tri bandmedlemmar ute og luftar seg litt. Studiojobbing er ganske slitsamt au! Posted by Picasa
FORBANNA KJETTE!!!:) Posted by Picasa
Me hadde mykje moro den vika me var i Largostudio! Posted by Picasa
Opptak av bassgangen til "Tridje Dugurdskvildi" Posted by Picasa

Høyr på Sugar Plum Fairies på NRK Urørt

Sugar Plum Fairies sine songar har no blitt godkjent av NRK og ligg ute på NRK sine Urørt sider.

http://www11.nrk.no/urort/user/?id=39743

torsdag, mars 02, 2006

Mogleg samarbeid med Bluegrass Magee

Me har vore i kontakt med ein amerikansk bluegrass-artist, med det klingande navnet Bluegrass Magee, i det siste. Det viser seg at han likar musikken og me har tala med han om eit mogleg samarbeid. Han er banjospelar og produsent, og ein remix av ein av songane okkos (mest sannsynleg "Tridje Dugurdskvildi" for augneblinken) kan bli resultatet. Fylg med for meir om dette!:)

Her er sida til Bluegrass Magee hvis dikkon er nyfikne: www.myspace.com/bluegrassmagee

Her kan dikkon lytte til lydklipp o.l

onsdag, mars 01, 2006

Sugar Plum på NRK Urørt

Sugar Plum Fairies har skaffa seg sine egne sider på Urørt, NRK si satsing for band som ikkje har ei stor platekontrakt i ryggen. Me driv i desse dagar og lastar opp nokre songar og liknande ting til denne sida og så fort NRK godkjenner materialet vil det vere mogleg å lytte til musikken vår der om dikkon ikkje allereie har høyrt den.

So fylg med, folkens!!

Adressa er som fylgjer: http://www11.nrk.no/urort/user/?id=39743

torsdag, februar 23, 2006

Bilde frå Konserten på Vertshuset i Fyresdal #1

Her legg me ut nokon foto frå øving & lydsjekk før Jolebordet til Fyresdal Kommune som me spela på den 17. februar. Bilda er tekne med mobilkamera so kvaliteten kan variere. Bilda frå sjølve konserten kjem om ikkje so lenge. Alle foto er tekne av Sarah Corbisier.

Merethe og Øyvind testar gitarar Posted by Picasa