søndag, januar 14, 2007

2006 - eit bra år for Sugar Plum Fairies

Når me no skriv 2007 kan det passe å ta eit lite tilbakeblikk og sjå på året som gjekk. Det hev vore eit bra år for okkon i bandet. Det som var det ultimate høgdepunktet må seiast å vere tildelinga av Fyresdal Kommunes Kulturpris i form av 8000 kronur og ein framifrå flott diplom! Eit anna høgdepunkt hev utan tvil vore all radiospelinga som hev blivi okkon til del via, i hovudsak, NRK Telemark, NRK Østafjells og Radio Vest-Telemark. "Andre Dugurdskvildi" blei tidleg plukka upp og etter kvart hev au "Strålefall" og "Fridtjof Nansen" fengje ei god del radiomerksemd. Som om ikkje det var nok blei me spela på amerikansk nettradio med ei veldig rosande omtale (og morosam uttale av "Fridtjof Nansen") og ikkje minst på Radio Færøyane. Det er ikkje verst for eit lite band frå Fyresdal å få internasjonal radiospeling!
Me spela ikkje så mange konsertar i fjor, men dei me spela var gode! Høgdepunkta må seiast å vere Bispevisitasen i Fyresdal og Me Syng og Spelar Joli inn i Moland Kyrkje der me , mellom anna, spela den nye songen okkos "Når det snoar blir det jol" som blei godt motteken. Sist gong me spela nykomponerte songar i kyrkja blei resultatet plateutgjeving så me får håpe det er eit godt teikn. Det blei au tid til eit samarbeid med rapparen Paul Bernard som sampla songen okkos "Jolekveld" i nykomposisjonen "Depend" som ligg ute til fri nedlasting under merkelappen Paul Bernard feat. Sugar Plum Fairies.
Då skulle det meste om fjoråret vere sagt. Me håpar at nyåret blir like bra, og helst endå betre!
Nedanfor vil de finne bilete frå den siste upptredenen økkøs i fjor frå pleieheimen i Fyresdal, POS, og førebuinga til denne. Håpar de likar dei og så sjåast me på nyåret.
Skulle de vere interesserte i å booke oss eller kontakte oss er det berre å ta kontakt på zwenerster@gmail.com

Ingen kommentarer: