mandag, januar 09, 2006

Nokon linkar av interesse

http://www.largostudio.net/cgi-bin/contentRead.pl - platestudioet på Rjukan der me spela inn "Fivrelddans" i samarbeid med produsentane Thorbjørn & Jørgen Kittilsen.

Hvis du gjeng med ei plate i magen, hotfor ikkje ta kontakt med Largostudio? Veldig, veldig bra!:)

http://bandindex.no/index.cfm?template=info.cfm/6929 - sida vår på Norwegian bandindex som forhåpentleg skal bli oppdatert om ikkje så altfor lenge.

http://en.wikipedia.org/wiki/Sugar_Plum_Fairies - eit stykke om oss på WIKIPEDIA, verdsvevens store leksikon.

http://home.no/jorgensdottir/ - Birgith si heimeside

http://www.ukm.no/fylker/Telemark/forest1.html - Opptreden på Ungdommens Kulturmønstring i Bø for nokre år sida...Mi hev blitt betrakteleg bedre for å seie det slik...heldigvis! Men men, eit morosamt liti lydklipp detti hera...;)

http://www.ukm.no/fylker/Telemark/forest2.html - Opptreden på Ungdommens Kulturmønstring der Torbjørn og Tor Christian bidreg med backing.

søndag, januar 08, 2006

Sugar Plum Fairies på release party Posted by Picasa

Frå venstre: Birgith Jørgensdottir Reinskås, Øyvind Berge, Tor Christian Tovslid, Merethe Jørgensdottir Reinskås og Torbjørn Strånd. (foto: Tore Skaug/TA).

Nettsida vår

Dei av dikkon som hev kaupt plata har kanskje undra over at linken til nettsida vår, www.fivreld.com, ikkje virkar....Dette har ei heilt enkel forklaring...ho er rett og slett ikkje oppe enno...Me har hatt litt trøbbel med å få tid til å få ho opp og me hadde ikkje moglegheit til å få den på plass før albumet gjekk i trykken. Me veit ikje når ho vil sjå dagens ljos, men me håpar det vil skje temmeleg snart....Dikkon får berre fylgje med!;)

tirsdag, desember 13, 2005

Presseomtale

I samband med platesleppet har me fått litt presseomtale også.
Dette stod å lese i TA, Måndag 12. Desember:

http://www.ta.no/pulsen/article1865029.ece

"Fivrelddans" er ute!

Ja, folkens...plata vår er ute så no er det berre å springe til butikkane og kaupe!:) Me hadde, som kjent, sleppfesten vår på Airparc Fyresdal Hotell sist laurdag, og mange var dei som hadde teke vegen for å få med seg mini-konserten vår og kaupe plata. tusen takk skal dykk ha alle sammen!

torsdag, november 03, 2005

Plateslepp

Plata er snart klar og vert slept den 10. Desember, med sleppfest på Airparc Fyresdal Hotell frå klokka 15.00. Bandet vil framføre smakebitar frå skiva. Me vonar mange vil ta turen! Velkomne skal dykk alle saman vere!

torsdag, oktober 20, 2005

Mastring & Trykking

"Fivrelddans" er no blitt mastra og trykt hjå MultiMaster i Oslo. Med andre ord, det går framover og framover med tanke på utgjeving.

onsdag, september 07, 2005

"Fivrelddans" - låtliste

Fylgjande 15 låtar vil bli å finne på "Fivrelddans".....

1. Fivrelddans & Filosofi
2. Tid er pengar
3. Fyrste Dugurdskvildi
4. Jolekveld
5. Fridtjof Nansen
6. Andre Dugurdskvildi
7. Voggesong
8. Sylvet
9. Tridje Dugurdskvildi
10. Fløytarvisa hans Aslak Smed
11. Stogetaket
12. Einsemd
13. Fjorde Dugurdskvildi
14. Strålefall
15. Fivrelddans & Filosofi (Reprise)

Tekstane er henta frå Haakon Lies diktsamlingar "Solspelet" og "Fløyta og Fela".

tirsdag, september 06, 2005

"Fivrelddans" - me er snart plateklare!

I månadskiftet april/mai var me avgarde og spela inn plate! Me reiste til Largostudio på Rjukan og spela inn 15 låtar saman med produsentane Torbjørn og Jørgen Kittelsen.

Alle tekstane på plata er skrivne av Fyresdalspoeten Haakon Lie, son av den vidgjetne stordiktaren John Lie. 11 av songane er tonesette av Øyvind Berge, 3 av Merethe Jørgensdottir Reinskås og 1 av dei av Øyvind og Merethe i felleskap.

Resultatet har blitt ei plate med mykje variasjon sjangermessig. Den spenner frå neddempa pianoballader, via meir popaktige ting til beinhard country og meir folkemusikkaktig stoff. Litt breidbent likar me å kalle musikken vår for "folkpop"!:)

Plata har fått tittelen "Fivrelddans", og me håpar å ha den ute i løpet av førjolsvinteren.

Fylg med på bloggen for fleire oppdateringar!:)

Historikk

Sugar Plum Fairies er eit band frå Fyresdal, Telemark som vart starta våren 2000. Bandet består av 5 medlemmar. Desse er Øyvind Berge (song/gitarar/bass/koring), Merethe Jørgensdottir Reinskås (trompet/dragspel/piano/gitar), Birgith Jørgensdottir Reinskås (synth/euphonium), Torbjørn Strånd (bass/slagverk/perkusjon) og Tor Christian Tovslid (slagverk/perkusjon).

Bandet spela i byrjinga for det meste coverlåtar og spela på alt frå grautfestar til meir høgtidelege tilskipingar, som til dømes, kyrkjekonsertar og liknande.

Likevel, trongen til å skape noko eige kunne ikkje stoggast og i jola 2001 vart songen "Jolekveld", med tekst av Haakon Lie og melodi av Øyvind Berge & Merethe Jørgensdottir Reinskås framført under jolekonserten i Moland Kyrkje i Fyresdal til mange lovord. Dette sådde ein tanke om å setje melodi til fleire dikt av same diktaren, men før ein kom så langt tok bandet eit lite steg til sida og skreiv songen "Come Down" som vart framført under UKM sin fylkesfinale i Storsalen i Gullbring Kulturanlegg i Bø i Telemark. Songen sådde mykje heider og godord, sjølv om sjølve framføringa vart litt amputert grunna forkjøling og lite øving o.l.

Sumaren 2004 vart ideen om å setje melodi til Haakon Lie sine tekstar teken fram att. Øyvind Berge og Merethe Jørgensdottir Reinskås hadde bruka vinteren 2003/2004 på å lage melodiar til mange av dikta, og fleire nye skulle kome på bordet i løpet av sumaren. Det heile kulminerte i førestillinga "Fivrelddans & Filosofi - Haakon Lie i ord og tonar" som vart framført under Olsokdagane i Fyresdal dette året.

I august 2004 sette bandet publikumsrekord då dei spela for ein stad mellom 800 og 1500 tilhøyrarar på 4H sin Landsleir på Dyrskuplassen i Seljord.

I månadskiftet april/mai gjekk bandet i studio og spela inn 15 av dei tonesette Haakon Lie dikta. Albumet, som heiter "Fivrelddans", vil forhåpentleg verte utgjeve kring november 2005.