fredag, februar 10, 2006

"Fivrelddans" - smakebitar

Hvis du vil lytte til smakebitar av albumet, so er det no fullt mogleg her: www.myspace.com/fivrelddans

"Fridtjof Nansen", "Jolekveld", "Andre Dugurdskvildi" og "Aslak Smed" ligg ute som mp3.

Check it out!:)

tirsdag, februar 07, 2006

Sugar Plum Fairies innlemma i Diskografi.no

Me har i denne veka blitt innlemma i Diskografi.no. Dette er eit søkbart oppslagsverk over plateutgjevingar av norske band og artistar.

Besøk sida her: http://www.diskografi.no/band.asp?id=1698

Her kan dikkon au gje "Fivrelddans" ein karakter frå 1 til 10 om de vil.

onsdag, februar 01, 2006

English blog up and running...

I have gotten an English blog for the band up and running...I will be updating it and making it a good read next week! So please check it out then, English speakers!;)

http://sugarplumphairies.blogspot.com/

mandag, januar 30, 2006

English version of the blog

I have been toying with the idea of getting an English version of this blog set up, since we are communicating a lot with English speaking people, and I think I'll be able to get that assembled pretty soon...so stay tuned!;)

Fyresdal Kommunes Jolebord 2005

Som kjent blei Fyresdal Kommune sitt jolebord utsett i fjor grunna tragiske omstende. Me skulle egentleg ha spela der, men dette blei det naturleg nok ikkje noko av. No har det blitt bestemt at jolebordet skal haldast fredag 17. februar. Me kjem til å stå for musikken som planlagt.
Me vonar det blir ein triveleg kveld for alle involverte.

lørdag, januar 28, 2006

Her er eit bilde frå November 2004...det er tekje i Musikksalen på Gimle Skule i Fyresdal mens me øver på songane som enda upp på "Fivrelddans".

Frå venstre: Birgith Jørgensdottir Reinskås (keyboard), Tor Christian Tovslid (trommer), Torbjørn Strånd (bass) og Øyvind Berge (song & gitar). Merethe Jørgensdottir Reinskås var ikkje tilstades.
(foto: Sarah Corbisier) Posted by Picasa

torsdag, januar 26, 2006

Norwegian bandindex oppdatert!

Me hev endeleg fått oppdatert sidene våre på Norwegian Bandindex au! Der kan du finne mykje snacks og småtteri...så sjekk det ut hvis du lurar på noko som du ikkje finn på bloggen...kanskje det ligg på norwegian bandindex.

http://bandindex.no/index.cfm?lingo=no

Norwegian Bandindex er tilgjengeleg på mobil au (wap):

http://bandindex.no/wap/

Konsert på Vertshuset 20. Mai!

Me spelar på Vertshuset i Fyresdal 20. Mai, folkens! Avtala gjekk igjennom i går så nå er alt klart. Det er berre å møte upp for ein aften med god stemning!;)

tirsdag, januar 17, 2006

Sjekk ut sida vår på MySpace.com! Her har me fleire andre venner som er verdt å sjekke ut sidene til, i tillegg til at me sjølve kjem til å legge ut nokre smakebitar på plata her høgst truleg!



Check me out!

Platemelding i TA

Fivrelddans blei anmeldt i TA i dag. Me fekk 4 augo på terningen! Slettes ikkje verst! Det er kjempemoro å få god kritikk!!! Posted by Picasa


Les anmeldelsen til Tore Skaug her: http://www.ta.no/pulsen/Musikk/cd/article1909459.ece

Hehe, det er au morosamt å bli anmeldt i avisa samstundes med folk som Lars Lillo-Stenberg (ein av bloggforfattarens STORE heltar!)...Ikkje at det hev stort å seie, men det æ no moro likevel;)

tirsdag, januar 10, 2006

Stadar der plata kan kaupast

Førebels er plata vår berre tilgjengeleg via disk i Telemark...stadar der ho kan kaupast er fylgjande:

Fyresdal:

Moland Auto A/S
Sparebanken Sør
Fyresdal Bakeri & Konditori

Bø i Telemark:

Music Box Bøsenteret (spør i kassa)

Eg trur ho au er tilgjengeleg på Dalen, men dette tek eg med ei klype salt førebels.

Har du imidlertid lyst på denne plata og ikkje bur i Telemark (eller for den saks skyld bur i Telemark), så kan du som sagt skrive ein mail til meg så kan dette ordnast. Mailadressa mi står nedanfor.

zwenerster@gmail.com

Spun Sugar Records

Dei som har kaupt plata har sikkert undra seg over at det står "Spun Sugar Records" på baksida av ho...No har det seg slik at når ein gjev ut plater, så bør ein ha eit selskap å gje dei ut på, enten ein har kontrakt med dei store plateselskapa eller vel å gje dei ut på egenhånd. Me i Sugar Plum Fairies har gjeve vår første plate ut på eige selskap...Me måtte sjølvsagt ha eit navn med litt "schwung" i når me fyrst skulle utgje ei plate, difor landa med på "Spun Sugar Records", noko som var Olav Lund (som hjelpte oss med omslagsdesignen) sitt forslag opprinneleg...Me syns det var eit passande navn!;)

Salet går jamnt og trutt (virkar det som)...

Det virkar som om mange av dikkon likar produktet vårt og det set me utuleg stor pris på...Tusen takk endå ein gong til alle dikkon som kaupte plata...me håpar den held seg like bra!:) Me håpar au at alle dikkon som spør etter skiva får tak i ho...dersom det skulle vise seg problematisk, så kan dikkon berre ta kontakt med meg på mail, so skal me få ordna det!

zwenerster@gmail.com er mailadressa mi.

mandag, januar 09, 2006

Nokon linkar av interesse

http://www.largostudio.net/cgi-bin/contentRead.pl - platestudioet på Rjukan der me spela inn "Fivrelddans" i samarbeid med produsentane Thorbjørn & Jørgen Kittilsen.

Hvis du gjeng med ei plate i magen, hotfor ikkje ta kontakt med Largostudio? Veldig, veldig bra!:)

http://bandindex.no/index.cfm?template=info.cfm/6929 - sida vår på Norwegian bandindex som forhåpentleg skal bli oppdatert om ikkje så altfor lenge.

http://en.wikipedia.org/wiki/Sugar_Plum_Fairies - eit stykke om oss på WIKIPEDIA, verdsvevens store leksikon.

http://home.no/jorgensdottir/ - Birgith si heimeside

http://www.ukm.no/fylker/Telemark/forest1.html - Opptreden på Ungdommens Kulturmønstring i Bø for nokre år sida...Mi hev blitt betrakteleg bedre for å seie det slik...heldigvis! Men men, eit morosamt liti lydklipp detti hera...;)

http://www.ukm.no/fylker/Telemark/forest2.html - Opptreden på Ungdommens Kulturmønstring der Torbjørn og Tor Christian bidreg med backing.

søndag, januar 08, 2006

Sugar Plum Fairies på release party Posted by Picasa

Frå venstre: Birgith Jørgensdottir Reinskås, Øyvind Berge, Tor Christian Tovslid, Merethe Jørgensdottir Reinskås og Torbjørn Strånd. (foto: Tore Skaug/TA).

Nettsida vår

Dei av dikkon som hev kaupt plata har kanskje undra over at linken til nettsida vår, www.fivreld.com, ikkje virkar....Dette har ei heilt enkel forklaring...ho er rett og slett ikkje oppe enno...Me har hatt litt trøbbel med å få tid til å få ho opp og me hadde ikkje moglegheit til å få den på plass før albumet gjekk i trykken. Me veit ikje når ho vil sjå dagens ljos, men me håpar det vil skje temmeleg snart....Dikkon får berre fylgje med!;)

tirsdag, desember 13, 2005

Presseomtale

I samband med platesleppet har me fått litt presseomtale også.
Dette stod å lese i TA, Måndag 12. Desember:

http://www.ta.no/pulsen/article1865029.ece

"Fivrelddans" er ute!

Ja, folkens...plata vår er ute så no er det berre å springe til butikkane og kaupe!:) Me hadde, som kjent, sleppfesten vår på Airparc Fyresdal Hotell sist laurdag, og mange var dei som hadde teke vegen for å få med seg mini-konserten vår og kaupe plata. tusen takk skal dykk ha alle sammen!

torsdag, november 03, 2005

Plateslepp

Plata er snart klar og vert slept den 10. Desember, med sleppfest på Airparc Fyresdal Hotell frå klokka 15.00. Bandet vil framføre smakebitar frå skiva. Me vonar mange vil ta turen! Velkomne skal dykk alle saman vere!

torsdag, oktober 20, 2005

Mastring & Trykking

"Fivrelddans" er no blitt mastra og trykt hjå MultiMaster i Oslo. Med andre ord, det går framover og framover med tanke på utgjeving.